Helsing frå Font-Romeu

Kjære samarbeidspartnarar og alle de som heiar på meg!
Her kjem ei oppdatering frå meg før skisesongen startar på Beitostølen 20-22 November.
Sidan 13. oktober har eg vore på høgdesamling i Font-Romeu i Frankrike. Eg har prioritert høgdetrening i år, fordi eg veit av erfaring at det fungerer godt for meg. Treninga har gått som planlagt, og eg er nøgd med arbeidet eg har fått lagt ned.
Den 12. november reiser eg heim. Berre åtte dagar seinare startar eg sesongen på Beitostølen med 10 km klassisk fredag 20. november. Etter eit høgdeopphald bruker den tiande dagen heime å vere ein veldig god dag for meg. Denne gongen fell han på søndag 22. november, og difor har eg ekstra tru på eit godt renn på 15 km skøyting denne dagen.
Helga etter stiller eg på noregscupen på Gålå. For oss som står utanfor landslaget, er desse renna ein viktig sjanse til å vise kva vi er gode for. Har de lyst til å følgje med, kan de sjå renna på Direktesport 27.–29. november.
Målet for vinteren er å få gå dei renna eg ynskjer, og å kome tilbake på det nivået eg var på for nokre sesongar sidan. No gledar eg meg til å få startnummer på brystet igjen! Til idrettsbasaren i Hyen har eg gitt tre par skisko i storleik 43. Dei er berre brukte på snø og er framleis i veldig god stand. Treng du nye skisko til vinteren, håpar eg du tek turen innom!
Takk til
- Sporten Beitostølen
- AOH-stiftelsen
- Hyen IL
- Maskinentreprenør Torleiv Straume
- Larstunet
- Mamma og pappa
I vinter vil de sjå namna til samarbeidspartnarane mine på konkurransedressen, treningskleda og i sosialemediar. Tusen takk til alle dykk som gjer det mogleg for meg å halde fram med satsinga. Og til alle dykk heime i Hyen som følgjer med og heiar: Det betyr mykje for meg!
Langrennshelsing
Jon Rolf Skamo Hope







