Aktivitet
Trim
Trimgruppa har aktivitetar gjennom året for dei som vil halde seg i aktivitet.
Fjellturar
Trimgruppa arrangerer turar i og rundt Hyen på kvelden på vekedagar i mai/juni. Dette er lettare turar for alle aldersgrupper. Vi varierer turmål geografisk. Det er turleiar med, og det er sosialt samtidig som vi får trimma litt. I samband med Friluftshelga i Hyen arrangerer vi turar som kan vere av interesse både for tilreisande og fastbuande. Gjerne ein kort og ein lang tur.
Dametrim
Tysdagskveldar er det dametrim i gymsalen med varierte øvingar i sal. Ei gruppe har vore i styrkerommet og hatt trening i fellesskap. Deretter er det mogleg med symjing, og til slutt badstue. Dette er eit flott tilbod for damer i alle aldersgrupper.
Herretrim
Onsdagskveldar er det herretrim. Det er opent i styrkerommet og deretter symjing og badstue.
Sterk og stødig
Eit strukturert gruppetreningstilbod med fokus på enkle og effektive øvingar som styrkjer muskulaturen i beina og gjer balansen betre. Treninga er eit samarbeid med kommunen sin fysioterapiteneste for heimebuande seniorar over 65 år.
Zumba
Dette er ei treningsform som gir deg masse energi. Ein kombinerer fengjande latinske og internasjonale rytmer med enkle dansebevegelsar. Vi blandar musikkstilar som salsa, merengue, cumbia og reggaeton for å skape ein dynamisk, spennande og effektiv treningsøkt. Det beste av alt? Du gløymer heilt at du trenar! Det er effektiv kondisjonstrening som styrkar heile kroppen og betrar kondisjon og balanse. Det er og ein ekte humørboost. Dette passar for alle.







