Aktivitet
Handball
Hyen Idrettslag har eit aktivt og inkluderande handballtilbod for barn og unge i aldersklasse 5/6 til 12 år. Målet vårt er at handball skal vere ein fin sosial møteplass der alle får høve til å utvikle handballferdigheiter, samtidig som dei får oppleve meistring, idrettsglede og vere ein del av eit godt lagfellesskap.
Eit tilbod tilpassa spelarane
Handballtilbodet i Hyen blir tilpassa etter kor mange barn og unge som er i dei ulike årsklassane. For å gi gode og stabile trenings- og kamptilbod slår vi saman årsklassar på tvers, og på den måten kan vi skape gode grupper med nok spelarar til å gjennomføre aktivitet og kampar, samtidig som vi tek omsyn til alder, nivå og utvikling.
Vi følgjer retningslinjene til Norges Håndballforbund for aktivitet og kamptilbod for barn og unge.
Trening og heimekampar
Vi har treningane våre i Gymbygget i Hyen og i Trivselshallen. Her får spelarane gode rammer for både trening, kampar og sosialt fellesskap.
Samarbeid gir fleire moglegheiter
Hyen IL samarbeider med andre klubbar i området – Breimsbygda IL, STIL og Gloppen handballklubb. På denne måten kan vi leggje til rette for at flest mogleg får eit godt og tilpassa handballtilbod også når spelargruppene blir mindre eller nivået og behova endrar seg.
Hyen IL Handball – aktivitet, meistring og fellesskap!
Har du lyst til å prøve handball, er du alltid velkomen til å ta kontakt med handballgruppa og bli med på trening!







