Hyen IL LogoHyen IL
Tilbake til aktivitetane

Aktivitet

Friidrett

Treningstilbod

Det er organisert trening gjennom store delar av året. Måndag, 17:30–19:30, er det intervalltrening ute og deretter styrketrening i gymsalen. Treninga er for alle frå 11 år og har dei siste åra hatt deltakarar frå 11 til 50 år. Trening er tilpassa slik at ein kan trene saman på tvers av nivå.

Ein har også regelmessig ei treningsøkt i veke med hurtigheit og spenst. Vekedag og tidspunkt variera frå år til år.

Arrangement og konkurransar

Friidrettsgruppa har som mål å stille lag i fleire klasser på dei ulike lokale terrengstafettane. Grunna varierande storleik på årskull kan det tidvis vere krevjande å stille lag. Gutelag har ein stort sett lukkast med, og dette har vore lag som har hevda seg godt. Dei seinare åra har ein også lukkast med å få til herrelag.

Deltaking på banestemner variera frå år til år, men dei siste åra har vi hatt deltaking, mellom anna på Krinsmeisterskapen, både i dei yngre og eldre klassene.

Hyen IL arrangerer også stemner, og har mellom anna eitt av stemna i ein lokal stemneserie i Gloppen.

Våre hovudsponsorar

Brødrene AaHyen fiskIntersportJokerLeiv AusterheimNordfjord LaksTorleiv StraumeWalcon
Book treningsrom